Ciderhuset i Balestrand
Ciderhuset ligg i Balestrand i Sogn, ein liten spasertur frå kaien og Kviknes Hotel.
Balholm er merket vårt for drikke av frukt og bær – laga med ein stor porsjon lidenskap. På sommaren kan du bli med på cidersmaking og lære korleis vi lagar cider - også musserande cider på den tradisjonelle måten. Du kan handle i gardsbutikken eller ete lunsj a la carte i vår kafé. På kvelden kan du bestille “Cider Makers Dinner”. Vi tek imot grupper heile året til lunsj eller middag, formidling om cider og frukt eller kulturvandring, faglege opplegg og teambygging eller anna moro!
Opningstider 2026
Cidersmaking
12:30, Cidersmaking med lunsjplanke:
mai - august: måndag - laurdag
september: måndag - fredag
16:00, Cidersmaking med snacks:
juni- august: måndag - laurdag
-
Formidling om frukt og cider. Smaking av 5 ulike stilarter av cider saman med ein lunsjplanke med 5 smårettar som passar til kvar av ciderane. Alkoholfritt alternativ. Bestill her.
-
Formidling om frukt og cider. Smaking av 5 ulike stilarter av cider.&fruktvin Til kva cider kjem det snacks inkl husets sjokolade. Alkoholfritt alternativ. Bestill her.
Cider Makers Dinner
19:00 Ciderformidling og middag:
Juli
måndag - laurdag
August
onsdag- fredag
-
I 2026 tilbyr vi Cider makers dinner - ein cidermiddag med formidling om korleis vi lager cideren vår og tilpasser matrettane til dei. Mezemiddag med fleire kalde forrettar på bordet, val mellom vekas kjøt/fisk eller vegetar som hovudrett. Fruktdessert frå hagen. Middag kr 990,- pp. Ciderpakke kr 500,- kan kjøpast i tillegg. Eller alkoholfri kr 470,-
-
Café
mai - september*
måndag - laurdag
12:00-16:00
*august:
måndag - laurdag 12.00-18.00
-
I gardsbutikken finn du alle Balholm-produkta med unntak av fruktdram. Dei må du framleis finne på Vinmonopolet
-
Send en forespørsel dersom du er interessert i å booke et gruppekurs hos oss.
Ciderbutikk
mai - september*:
måndag - laurdag 12:00-16:00
*august:
måndag - laurdag 12.00-18.00